VM i vektløfting 2025

Program

VM i vektløfting blir arrangert over 10 dagar i starten av oktober 2025. Det blir tunge løft og store idrettsprestasjonar kvar einaste dag, og på kveldane er det finalar og utdeling av edle medaljar. Du er ein viktig del av VM-festen, bli med på dagar med folkefest i Førde!

Kven er vi?

VM er eigd av Norges vektløftarforbund, AK Bjørgvin, Førde IL og Tambarskjelvar IL. Meisterskapen vil i stor grad vere basert på dugnad som skal betalast gjennom utdeling av utstyr og økonomisk overskot. I tillegg har organisasjonen ein administrasjon som jobbar med planlegging og marknadsføring av VM 2025.

VM vektløfting AS © 2023-2025. Levert av Mediebruket.