Vi treng deg som
Frivillig
I ti heile dagar skal Førde, Sunnfjord og Vestland vere i vektløftarverda sitt fokus, då treng vi mange eldsjeler og frivillige som vil bidra til å lage dette til ei oppleving.
Dei fleste frivillige vil komme frå arrangørklubbane Førde, Tambarskjelvar og Bjørgvin, men vi treng mange fleire. Vi vil trenge frivillige både før, under og etter meisterskapen, både deg som kan jobbe ei vakt, mange vakter, på dagtid og kveldstid.
Som frivillig under VM håpar vi du vil få ei oppleving for livet. I tillegg vil lag og organisasjonar som deltek på dugnaden få betalt gjennom ein kombinasjon av dugnadskompensasjon og fordeling av utstyr til 15 millionar kroner i etterkant av VM.