Privat innkvartering
Vil du leige ut overnatting?
Med fleire tusen akkrediterte til VM og i tillegg andre tilreisande er overnattingsbehovet stort for publikum.
Det er allereie og vil vere stor etterspørsel etter privat overnatting i Førde og kringliggande område. Vi oppfordrar alle som har hus, leilighet eller hytte som dei ønskjer å leige ut å registrere dette på Airbnb
Er det usikre på kva de kan ta i leige, så kan de sjekke kva andre i Sunnfjord tek i leige for sine overnattingsstadar i denne perioden.
VM 2025 linkar til Airbnb frå våre informasjonssider om kvar ein finn overnatting.