Kulturprogram

Vikingbyen Førde – ei reise tusen år tilbake i tid!

Tangen i sentrum sør Hafstadvegen 23, Førde

Ta steget inn i vikingtida – midt i Førde sentrum! Her kan heile familien oppleve korleis livet var for tusen år sidan, med leik, styrkeprøver, vikingmat og god stemning for både små og store.

Opningsseremoni

Førdehuset VM-arena Angedalsvegen 5, Førde

VM i vektløfting 2025 arrangerer ein storslått opnings seremoni i Førdehuset kl. 18. På scena får du musi­kalske høgdepunkt med Sigrid Moldestad, Einar Bolstad, Line Dybe­dal, Steinar Karlsen, kraft­fulle innslag frå Buldre Mannskor, dans, og vikingar frå den levande vikinglandsbyen i Gudvangen. Seremonien blir ein spanande miks av lyd, bilete, video, musikk og dans, krydra […]

Ulltorg

Elvetorget Torgplassen Torgscena Naustdalsvegen 1A, Førde

«Ulltorg» med produkt med link til sauen m.a. delika­ tesser og ullplagg, kurs på kunstnarsenteret og siste nytt på strikkefronten med garnbutikken Strikkeverda!

På Torgplassen 3. oktober: Sunnfjord kulturskule og Sunnfjord Juniorspelemannslag

Elvetorget Torgplassen Torgscena Naustdalsvegen 1A, Førde

Fredag kl. 14–17 får vi kunstnarisk puls frå Sunnfjord kulturskule, der m.a. Sunnfjord Juniorspele­mannslag byr på inspi­rerande innslag. Ein strålande start på dagar fulle av kulturelt mangfald, og mykje å gle seg til! Ta del i folke­festen i sentrum – ti dagar til ende! Under VM i vektløfting 2.–11. oktober blir Torgplassen ved Elvetorget i […]

Med bonden til bords

Nynorskhuset Storehagen 9, Førde

To dagar til ære for norsk tradisjonsmat, kulturopplevingar og det beste frå sauen, bli med når vi feirer det vesle dyret som bygde landet – midt i Førde sentrum! Med bonden til bords: Saman med sauebøndene i Sunnfjord inviterer kjendiskokk Ole Jonny Eikefjord til ein fire-retters festmiddag med både sau og lam på menyen. Ei […]

Fårikålens langbord

Elvetorget Torgplassen Torgscena Naustdalsvegen 1A, Førde

Langbord i teltet utanfor Elve­torget. Her serverer vi rykande fårikål og byr på: Sauekulturelle innslag på Torgcena Den finaste sauen – framvising av kåra lam Den flinkaste hunden – hels på sauehundar frå Sunnfjord Brekekonkurranse Himmelspringaren – teater for heile familien

På Torgplassen 4. oktober: Buldre Mannskor og We Met in June

Elvetorget Torgplassen Torgscena Naustdalsvegen 1A, Førde

Laurdag kl. 13–16 blir det langbord i teltet utanfor Elvetorget. Her serverer vi rykande fårikål, byr på sauekulturelle innslag på Torg­ cena og sjelfulle og storslåtte tonar frå Buldre Mannskor. Som kontrast får du moderne, melodisk glitter frå We Met in June. Duoen Sara Rose Zadig og Gjest Ingeson Kvåle har oppnådd merksemd på nasjonalt […]

På Torgplassen 5. oktober: VM-vaffeldag og Kokosbananas lesestund

Elvetorget Torgplassen Torgscena Naustdalsvegen 1A, Førde

VM-vaffeldag: Søndag kl. 14–17 blir det høg stemning og låge skuldrer når vi feirar det som truleg er Noregs uoffisielle nasjonalrett: vaflar! I teltet på Torgplassen ved Elvetorget får du kjøpe rykande kaffi og nysteikte vaflar – perfekt medan du følgjer dei sterke løfta frå Førdehuset på storskjerm. Ta med vener og familie, her er […]

På Torgplassen 6. oktober: Førde internasjonale kor og Gunn Kvaale

Elvetorget Torgplassen Torgscena Naustdalsvegen 1A, Førde

Måndag kl. 14–17 byr vi på både verdsklang og norsk pop på Torgscena. Førde internasjonale kor syng fleirstemt og fargerikt – ei musikalsk reise på tvers av språk, rytmar og kulturar. Etterpå inntar Gunn Kvaale scena med fullt band. Dei byr på radiofavorittar som Helium og Tilbake til meg, men også kjensleladde balladar som har […]

På Torgplassen 7. oktober: Line Dybedal og Korskulen i Førde kyrkje

Elvetorget Torgplassen Torgscena Naustdalsvegen 1A, Førde

Tysdag kl. 14–17 byr vi på ein musikalsk pustepause på Torgscena når Line Dybedal tek med seg sine melan­ kolske viser frå havgapet i Selje. Med stemmeprakt, varme og nærleik syng ho om kystliv og kvardag. Dybedal rører både ungdom og vaksne – med musikk som får tida til å stå stille, om så berre […]

På Torgplassen 8. oktober: Breisladd

Elvetorget Torgplassen Torgscena Naustdalsvegen 1A, Førde

Torgscena onsdag kl. 14–17: Breisladd er eit ungt og lovande band frå Førde som har gjort seg bemerka med sin eigen vri på countryrock. Med fengande melodiar og tekstar som hentar inspirasjon frå vestnorske historier og landskap, har dei bygd seg ein lojal tilhengjarskare på lokale scener og festivalar. Etter debutsingelen Odel og gard jobbar […]

Hans Majestet Kongen kjem til Førde!

Førdehuset VM-arena Angedalsvegen 5, Førde

Når OL-gullvinnar Solfrid Koanda skal konkurrere på heimebane under VM i vektløfting, får ho støtte frå høgaste hald: Hans Majestet Kong Harald kjem til Førde denne dagen! Dette blir ein historisk dag i Førdehuset, der heile Noregs løftedronning skal konkurrere på heimebane, og Hans Majestet Kong Harald sjølv er til stades for å heie. Publikum […]

Torgplassen 9. oktober: Sigrid Moldestad

Elvetorget Torgplassen Torgscena Naustdalsvegen 1A, Førde

Mellom kl. 14–17 blir det konsert, god stemning og fellesskap ved Torgscena. Her kjem Sigrid Moldestad. Ho vev saman sterke rytmar, forteljingar frå kultur­arven vår og har eit nærvær som inviterer heile familien med. Med røter i folkemusikken og med eit blikk mot framtida, kjem Sigrid Moldestad med ei musikalsk oppleving som treffer både unge […]

Torgplassen 10. oktober: Anna Lille

Elvetorget Torgplassen Torgscena Naustdalsvegen 1A, Førde

Du kjenner att stemmekrafta og dei sylskarpe tekstane – Anna Lille har på berre nokre år markert seg som eit av dei mest spennande nye namna i norsk pop. Ho har stått på scena under By:Larm, Bergenfest og festivalar over heile landet, og blir ofte samanlikna med både Aurora og Girl in Red. Med fengande […]

Stor avslutningsfest med Ylvis, Olivia og Arian!

Elvetorget Torgplassen Torgscena Naustdalsvegen 1A, Førde

Laurdag kveld kl. 19 inviterer vi saman med SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Sparebanken Norge til ein folke­fest du seint vil gløyme! Gratis for alle.

VM vektløfting AS © 2023-2025. Levert av Mediebruket.