7. oktober 2025 i Førde
Krafta i oss
Tysdag 7. oktober 2025 inviterer vi til arrangementskonferanse «KRAFTA I OSS» i Førde – midt i verdsmeisterskapsbyen.
Arrangement og arrangementsturisme er i vekst – og potensialet er enormt. Gjennom konferansen «KRAFTA I OSS» vil VM 2025 vere ein motor for kompetansedeling, meir samarbeid og fleire arrangement i Vestland og i Norge – frå grasrota til verdstoppen.
Her møtest arrangørar, organisasjonar og eldsjeler for å dele erfaringar, hente inspirasjon og styrke posisjonen til norsk idrett som vertskap. Du får fagleg påfyll, nettverk – og oppleve VM i vektløfting på nært hald.
Vi treng krafta i deg – velkommen til Førde!
Konferansen er gratis – avgrensa tal plassar.
Frå kl. 10:00 |
RegistreringKaffi og kanelbolle |
Kl. 10:30 |
Opning ved Knut Skeie Solberg |
Idrettsklynge VestForsking på arrangement og idrett i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet | |
Idrettsklynge Vest / Visit BergenVerktøykasse – digital ressurs for arrangørar | |
Vestland fylkeskommuneIdrettsarrangement i folkehelseperspektiv | |
U23 EM Friidrett – Bergen 2025Erfaringsdeling | |
Oslo 2029 – VM i skiskytingVerdsmeisterskap i eit større bilde | |
Førde 2025 – VM i vektløftingBakom arrangementet | |
Kl. 14.00 |
Førde 2025 – OmvisingKonkurranse og treningsarena |
Kl. 15.00 |
3-retters middag i Førdehuset ved Kokkenes Mesterlaug Sogn og Fjordane |
Program og underhaldning | |
Kl. 17.00 |
VM konkurranse 1 |
Kl. 19.30 |
VM konkurranse 2 |
Kl. 21.30 |
Slutt |
Dato: Tysdag 7. oktober 2025
Tid: Registrering og kaffe frå klokka 10.00 (sjå program). Det blir servert lunsj undervegs i programmet på hotellet.
Stad: Konferanse og lunsj på Scandic Sunnfjord Hotell og Spa. Middag og konkurransar er i Førdehuset. Arrangør ordnar transport frå Hotellet til Førdehuset.
Overnatting: Per i dag er det lite ledig kapasitet i Førde, men det kan bli noko ledig heilt opp under arrangementet. Treng du overnatting anbefalar vi å sjekke privat innkvartering (AirBNB) eller hotell i Florø, Vadheim, Lavik og Sandane
Konferansen er gratis, det er avgrensa tal plassar.
Meir informasjon kjem
.
VM er eigd av Norges vektløftarforbund, AK Bjørgvin, Førde IL og Tambarskjelvar IL. Meisterskapen vil i stor grad vere basert på dugnad som skal betalast gjennom utdeling av utstyr og økonomisk overskot. I tillegg har organisasjonen ein administrasjon som jobbar med planlegging og marknadsføring av VM 2025.