Bli kjent med VM-favoritt Solfrid Koanda
Solfrid sin største konkurrent er seg sjølv. Ein konkurrent som ingen får setje grenser for. Slår ho seg sjølv på VM i Førde i oktober, er det veldig store sjansar for at ho blir verdsmeister. Igjen.
Solfrid må ha vore fødd sterk. På alle måtar.
Historia hennar fortel om eit tilfeldig oppdaga talent som i starten tvilte på seg sjølv. No er det som om ordet umogleg ikkje eksisterer for ho.
- Eg har gått frå å lure på om eg kan bli noko, til å tenke at ja, eg kan bli noko, viss eg jobbar for det. Eg treng ikkje forandre meg. Eg er den beste meg viss eg er meg sjølv.
Namn: Solfrid Koanda
Fødd: 13. november 1998
Personlege rekordar: Rykk 123 kilo, støt 160 kilo, samanlagt 280 kilo.
Paris, 10. august 2024
OL-publikummet kokar. Klappinga og trampinga deira er så intens at Solfrid kjenner vibrasjonane der ho står på løfteplattingen. Framfor ho ligg stanga, med raude og blå vektskifter. Til saman 162 kilo, ny verdsrekord. I det ho strammar beltet blir det stille i salen … Solfrid får stanga opp frå bakken og opp på brystet, men så må ho gi seg. Ho klarar ikkje løftet. Medan publikum reiser seg, takkar ho fint for seg og er på veg til å gå av scena. Så får ho beskjeden: Ho har vunne OL-gull. Ho er olympisk meister.
Viss du ikkje allereie har sett klippet av korleis Solfrid reagerer på den beskjeden, gjer det! Har du sett det før, sjå det igjen. Men les denne saka ferdig først.
For å beskrive det som skjer med hennar eigne ord: Det klikka litt i vinkel. Eit måpande ansiktsuttrykk forvandlar seg på nokre få sekund til ein slags eksplosjon av glede. Tårene sprett. På ho, og fleire. I hovudet hennar rasar bilde forbi som i rask film, av alle treningsøkter og alt det harde arbeidet som ligg bak.
Gullmedaljen ho får rundt halsen er den første OL-medaljen i vektløfting til ei norsk kvinne nokon sinne. Det er 20 år sidan sist ei norsk kvinne tok individuelt gull i sommar-OL. Solfrid skriv seg denne sommardagen inn i historiebøkene. Og inn i hjarta til mange som ser på.
Det er berre fire år sidan OL-debutanten skreiv inn ordet «vektløfting» i søkefeltet på Google, fordi ho knapt visste kva sporten gjekk ut på. Men historia til verdas beste vektløftar starta likevel allereie i 2014.
Her kan du sjå klipp av dei siste minuttane av OL-konkurransen
Grimstad, 2013
ELEKTRIKAR: Solfrid tok fagbrev som elektrikar i 2019, med resultatet «Bestått meget godt».
Solfrid er 15 år og går elektrolinja på vidaregåande. På skulen er ho strukturert og sjølvstendig, eigenskapar ho har måtte lære seg tidleg. I denne alderen har mange unge idrettstalent allereie ein kvardag styrt av detaljerte treningsprogram og ekspertråd. Men Solfrid er ikkje noko typisk idrettstalent. Ho har så vidt drive med idrett i det heile. Ingen har oppdaga kva som bur i ho, heller ikkje ho sjølv. Etter å ha streva litt med å kjenne på at ho høyrer til, skal ho no finne sin plass.
Eg fekk ein arena å meistre ting på, og det gjorde til at eg forelska meg i trening. Det vart den første plassen eg høyrde til, seier Solfrid.
Etter skulen trena ho ofte. Og mykje. Ho trena med ulike vener til ulike tidspunkt. Det kunne vere både før skulen, etter skulen og på kvelden, på same dag.
- Treninga passa veldig godt inn. Eg kjente fort at, oi, eg er jo ganske sterk også, seier Solfrid.
Etter to år på vidaregåande blei ho elektrikarlærling. Venninnene flytta vekk og det sosiale på trening blei ikkje heilt det same. Då bestemde Solfrid seg for å prøve crossfit, ei slags alt-i-eitt-trening, med styrke, kondisjon og gym. Det var her ho etter kvart fekk sitt første møte med øvingane i vektløfting, rykk og støt.
- I 2017 gjorde eg mine første rykk og støt. Det synest eg var dei vanskelegaste øvingane når det kom til styrke. Det kravde så mykje koordinasjon og alt mogleg, fortel Solfrid.
Ho nærmast omfamna det vanskelege og jobba hardt for å bli betre. To år seinare var ho blitt så god at dei rundt sa at ho burde konkurrere i crossfit. Men det torde ho ikkje. Solfrid hadde ikkje trua på at ho ville vere god nok.
- Då merka eg at eg la veldig lokk på meg sjølv. At eg heldt meg sjølv tilbake, minnast Solfrid.
No ville ho ikkje halde fram med å setje grenser for seg sjølv. Ho ville ut av komfortsona, ville prøve seg. Resultatet blei å skrive ei forpliktande kontrakt med seg sjølv. Ti punkt med reglar som ho skulle følge. Tidleg i 2020 let ho seg styre av nettopp den kontrakten.
AVTALE
Kontrakt om kontinuerlig hardt arbeid
- Jeg skal drikke nok vann.
- Jeg skal spise riktig mat.
- Jeg skal ha nok søvn.
- Jeg skal gjøre alt i dag, for å bli bedre i morgen.
- Jeg skal alltid være stolt av å ha gjort mitt beste.
- Jeg skal ikke sammenligne meg selv med noen andre.
- Jeg skal ikke la frykten for noe styre meg.
- Jeg skal ikke undervurdere meg selv.
- Jeg skal ikke være redd for å være meg selv.
- Jeg skal aldri gi opp.
Nothing was given to me, I had to work for it. Give everything you got
KONTRAKT: Då Solfrid oppdaga at ho sette for mange grenser for seg sjølv, skreiv ho denne avtalen med seg sjølv. Den siste av dei ti reglane i kontrakten er at ho aldri skal gi opp.
Kristiansand, 26. januar 2020
Kvadraturen Vektløfterklubb arrangerer seriestemne. Det er siste moglegheit til å kvalifisere seg til NM. Solfrid står på løfteplattingen. Berre dagar før har ho blitt oppringt og fortalt at ho truleg kan gjere det bra i vektløfting. Ein idrett Solfrid veit lite om frå før, og som skremde ho litt då ho søkte etter informasjon på internett. Men no står ho her. Åleine på løfteplattingen, med dommarar og publikum som følger med på alt ho gjer.
- Eitt av punkta på lista mi er at eg ikkje skal la frykt styre meg, forklarar Solfrid om kvifor ho torde å seie ja til å delta den gongen.
Noko av det fine med vektløfting er at det er ein idrett dei fleste kan forstå. Utøvaren skal løfte ei stang frå bakken og få den over hovudet på strake armar. Det blir konkurrert i to øvingar, rykk og støt, der utøvaren har tre forsøk i kvar øving. I konkurransar er det tre dommarar som vurderer om løftet er godkjent.
I sin aller første konkurranse klarte Solfrid 75 kilo i rykk. I øvinga støt starta ho på 95 kilo. Med godkjent førsteløft blei det lagt på fem kilo til. 100 kilo gjekk opp. I siste løft vart ho ståande med 110 kilo over hovudet. Det var sterkt. Veldig sterkt. Faktisk berre tre kilo bak den gjeldande norske rekorden i vektklassen, fekk Solfrid fortalt etter konkurransen.
- Eg blei overraska over kor høgt nivået mitt var, i ein idrett eg ikkje kjente til frå før. Det gjorde meg gira, seier Solfrid.
Vigrestadhallen, 1. mars 2020
Det er dag to av NM i vektløfting. Presidenten i Noregs Vektløftarforbund, Stian Grimseth, følger med på dei tyngste vektklassane. I oppvarmingsrommet har NM-debutant Solfrid blitt spurt om ho vil ta norsk rekord. Ho svarar nei, ho er ikkje klar. Gir likevel tommel opp til at trenaren skal melde inn 114 kilo i siste støt. Denne gongen går stanga så vidt opp. Til si store overrasking blir ho gratulert med ny norsk rekord. Trenaren sitt lureri lærer ho noko ekstremt viktig. At ho denne korte stunda må gi frå seg kontrollen.
- Eg skjønte fort korleis det mentale var i ein konkurranse. At eg må ta vekk resultatfokuset og at eg må ha arbeidsoppgåver. Det vart viktig for meg å skape dette i kvar konkurranse. At eg må ha fokus på det eg skal gjere, ikkje kilo eller resultat, seier Solfrid.
NM-debutanten noterte seg med 80 kilo i rykk og 114 kilo i støt. Det blei lagt merke til. Etter konkurransen kom ein eldre mann bort til Solfrid og ville ta ho i hendene. Den eldre mannen var Noreg sin landslagstrenar Zygmunt Smalcerz frå Polen, tidlegare olympisk meister med mange års erfaring som trenar.
- Han såg noko i dei hendene som han likte. Og han har sett mange talentfulle utøvarar opp gjennom åra, seier Stian Grimseth som den gong var forbundspresident.
Dette var Stian sitt første møte med Solfrid, og også han let seg imponere av den unge og litt usikre jenta. Seinare har han beskrive Solfrid som det største vektløftartalentet han nokon gong har sett.
- Dei fysiske kvalitetane hennar var veldig tydelege. Men det som etter kvart viste seg å vere eit endå større talent, eller iallfall like stort, var evna hennar til å arbeide. Grundigheita. Viljen til å legge ned jobben, seier Grimseth.
Kort tid etter NM kom landslagstrenaren på besøk til Solfrid på trening i Grimstad. Teknikken hennar var elendig, men ho fekk beskjed om at den kunne ho trene på. Styrken hennar derimot, den var allereie heilt rå. Knapt ein månad etter sin første konkurranse i vektløfting hadde Solfrid bestemt seg. Ho ville satse.
Grimstad, ein tilfeldig dag hausten 2020
Det er ei stund sidan NM. Klokka er berre 05.00 når ho står opp. Med rutinerte hender pakkar ho matboksar, treningskle, løftebelte og alt anna ho treng for heile dagen. Når ho vrir om tenningsnøkkelen klokka 06.00, er det framleis mørkt i husa rundt ho. Klokka 07.00 startar arbeidsdagen. I åtte timar er ho elektrikar. Det er tung, fysisk arbeid. Når kollegaene vil ete noko usunt frå bensinstasjonen til lunsj, har Solfrid nistematen klar. Etter jobb reiser ho ikkje heim. I staden for er ho innom trenaren for å slappe av ei kort stund, ete og skifte. Så reiser dei på trening.
- Han var med meg på trening kvar gong … Eg trur ikkje eg hadde blitt vektløftar utan han, seier Solfrid om den første trenaren sin Thomas Eide.
Med full jobb ved sidan av satsinga, måtte Solfrid planlegge alt nøye. Kontrakten ho skreiv med seg sjølv la viktige føringar. Ho skal drikke nok vatn og ete riktig mat, og ho skal få nok søvn. Ho skal gjere alt i dag, for å bli betre i morgon. Med ferdiglaga mat og ein plan for kor tid ho skulle ete, vart ho aldri freista av pølsene på bensinstasjonen.
- Eg hadde med meg alle måltida eg trong, slik at eg slapp å ta desse dårlege, raske vala, seier Solfrid og held fram.
- Det har ein verdi å ikkje tenke, og berre gjere det som trengst. Er eg svolten, er eg ikkje svolten? Nokre gonger er eg så sliten etter trening at eg ikkje er svolten. Men eg skal ete, viss ikkje går det ut over prestasjonane.
Men før du tenker at Solfrid aldri et nokon ting utanom planen, kan vi avsløre ei av hennar svakheiter.
- Hadde eg fått 20 stykk, kunne eg ha inhalert dei på eit augeblikk, seier Solfrid med eit lurt smil.
Svaret kom ikkje raskt og kontant, men etter ei lita tenkepause. Ho innrømmer etter kvart at ho er svak for bakst generelt.
- I jula når småkakene kjem fram, då trivst eg veldig godt. Men som regel er også treninga bra, og eg kan gønne på med masse energi, ler ho.
PLANLEGGING: Som toppidrettsutøvar må Solfrid ikkje berre trene best mogleg, men også ete best mogleg. Samtidig som er ho er ein rutinert «mealprepper», er det også rom for eit godt måltid ute.
Naustdal, 18. februar 2021
Det er årets første landslagssamling. Alle sine auge er retta mot Solfrid der ho med stødige skritt ryggar ut frå knebøystativet. Ho har 200 kilo på skuldrane. Stanga nærast bøyer seg av all vekta. Kom igjen, ropar dei som står rundt. Solfrid sitt blikk er djupt konsentrert, så tek ho eit siste innpust før ho bøyer knea og held pusten. Frå botnposisjonen pressar ho stanga opp igjen med ei kraft som får den til å gynge på skuldrane hennar. JA! jublar både ho og løftarane rundt.
Etter NM i 2020 fekk Solfrid raskt plass på landslaget. Vektløfting er ikkje ein stor sport i Noreg, og både ho og dei andre på laget kombinerte løftinga med jobb eller skule. Når det blei sagt at løftarar frå andre land hadde betre føresetnader for å gjere det bra i konkurransar, var det noko Solfrid irriterte seg over.
- Viss ein tenker at ein aldri kan få til noko, fordi ein ikkje har det same som dei som lykkast, så har ein iallfall ikkje sjans. Det handlar om å prøve. Ein treng ikkje gjere det heilt slik som andre, det er mange vegar til suksess, seier Solfrid.
Og nettopp dette ville ho bevise. Medan Noreg var stengt ned på grunn av koronapandemien, brukte Solfrid all ledig tid til å terpe på teknikk og bygge styrke. Ho hadde kombinert vektløfting og fulltidsjobben som elektrikar i vel eitt år, då ho i april 2021 var klar for sin første internasjonale meisterskap, EM.
Det mange kanskje tenkte ville vere ei lærerik erfaring for ein fersk utøvar, vart til noko litt anna då Solfrid løfta seg til ein overraskande bronse i støt.
«Ingen kvinne i Norge har støtet så mye», skreiv Noregs vektløftarforbund på Facebook etterpå.
Utover i 2021 og 2022 var Solfrid Koanda blitt eit namn arrangørane av internasjonale konkurransar nesten automatisk skreiv opp på listene sine. Rekordoversikt etter rekordoversikt måtte oppdaterast, og Solfrid reiste heim med stadig nye bevis på sin eigen styrke. Både viljestyrke og kroppsstyrke.
I løpet av denne tida jobba ho litt og litt mindre. Ho blei tildelt støtte og stipend frå både lokalbanken, Olympiatoppen og sitt eige forbund. Men ho var framleis usikker på om ho skulle tore å satse alt på vektløfting.
- Skulle eg tore det, når eg hadde begynt så seint med idretten, hugsar Solfrid at ho tenkte.
Oslo, oktober 2022
Fokus. Tolmod. Solfrid viser styrke på ein måte som ikkje er så bokstavleg som den pleier. I treningsrommet på Olympiatoppen står ho med hendene i kjent posisjon over hovudet. Det som er mindre kjent med synet er stokken ho held i hendene, ein stokk like lett som eit kosteskaft. Føtene er plassert på den harde sida av kvar sin bosuball. Den mjuke undersida utfordrar balansen og koordinasjonen. Blikket er djupt konsentrert når ho gjer rykkbevegelsane, repetisjon etter repetisjon. Bosuballane gyngar, men utøvaren oppå dei står stødig. Det er berre to månader til VM. Solfrid stolar på prosessen.
- Det er tøft å vere skadd. Ein må ta av alle vektene og starte på teknikkstanga igjen, for så å legge på ti og ti kilo, seier Solfrid.
Konklusjonen etter MR-undersøkinga i september var brutal. Trøyttleiksbrot i handleddet. Det måtte gå ein lengre periode før ho fekk belaste handleddet igjen. For ein idrettsutøvar som pressar ei tung vektstong over hovudet fleire hundre gonger i veka, må det ha vore lett å føle seg hjelpelaus når det plutseleg ikkje er mogleg. Men Solfrid og trenarteamet tenkte nytt. Med hjelp frå ein av dei dyktigaste trenarane på sitt felt i Noreg, sette dei saman eit treningsopplegg med fokus på kraft, bevegelse og motorikk. Solfrid beviste for seg sjølv og dei rundt at styrken hennar ikkje berre sit i armar og bein, men også mellom øyra.
- Eg har skjønt at skadane har gitt meg moglegheita til å gjere ei endring som eg elles ikkje hadde fått til. Eg har skifta fokus til andre svakheiter, fortel Solfrid.
Først dei siste vekene inn mot meisterskapen fekk ho legge vekter på stanga og trene rykk og støt som vanleg.
Bogota, Colombia, 15. desember 2022
Solfrid er blitt verdsmeister, igjen. I eit verdsmeisterskap mange frykta ho ikkje ein gong kunne delta i. I perioden ho måtte trene med berre eit kosteskaft, har ho likevel blitt sterkare. Og det er alt anna enn vekta av eit kosteskaft ho har pressa opp i dag. Resultatlista viser 113 kilo i rykk og 147 kilo i støt, 260 kilo totalt. For gullvinnaren er følelsane ei lett blanding. Tankane om kor mykje ho kunne ha løfta viss ho ikkje vart skadd svirrar litt i hovudet, men mest av alt er ho stolt av seg sjølv og teamet rundt.
- Utøvarar som har veldig god fysikk er gjerne ikkje så glade i å trene på detaljar. Dei vil helst trene tungt og prestere. Solfrid er akkurat like motivert dersom ho får i oppgåve å stå på eit balansebrett. Ho synest det er like interessant og utfordrande, seier Stian Grimseth.
Han har fleire gonger lagt merke til Solfrid si evne til å sjå moglegheiter og potensiale i alt. Han meiner måten ho takla skaden på har vore med å gjere ho endå betre, nettopp fordi ho fekk fokusert på andre måtar å forbetre seg på.
Etter VM i 2022 tenkte Solfrid mykje på alt som måtte klaffe for å kvalifisere seg til OL i løpet av 2023. Resultat blei at ho sa opp jobben.
- Eg hadde ikkje sponsorpengar. Det var ingenting. Men eg hadde spart opp midlar, seier Solfrid om valet.
Viss Solfrid hadde lytta berre til andre, hadde ho sagt opp jobben lenge før. Sjølv trur ho det var lurt å vente.
- Eg trur det var fint for meg å ha jobben som heldt meg litt tilbake. Hadde eg gått 100 prosent inn med ein gong, kunne skaderisikoen ha vore stor. Eg trur eg kunne ha lagt på vekt fort, men eg trur ikkje det hadde vore bra i forhold til den tekniske utviklinga.
I 2023 heldt ho fram med å skape avisoverskrifter med nye medaljar og nye rekordar. To og ein halv månad etter VM tok ho sin andre kongepokal i NM, etter gull i rykk, støt og samanlagt.
TONN: Det blir mange repetisjonar med stanga over hovudet i løpet av ei treningsveke. Til saman løftar Solfrid fleire tonn i løpet av ei trening.
Armenia, 22. april 2023
To gullmedaljar på brystet og ein mellom tennene. Frå toppen av premiepallen smiler Solfrid det store smilet sitt. Dei som kastar eit raskt blikk på resultatlista, kan nesten begynne å lure på om tala stemmer. Den triple europameisteren har løfta 32 kilo meir enn sølvvinnaren og 45 kilo meir enn bronsevinnaren. 117 kilo i rykk, 155 i støt og 272 samanlagt. Det er berre 18 veker sidan VM og ho har flytta sin eigen personlege samanlagtrekord med 12 kilo. Bak kvar av dei kiloa ligg tallause løft og treningstimar.
- Når eg er på trening likar eg å skrive ned treningsprogrammet, og så stryker eg ut etter kvart som eg blir ferdig med eit sett, fortel Solfrid.
Konkurranseprotokollane i 2023 viste tydeleg at det hadde gitt resultat for Solfrid å legge elektrikarjobben på hylla. Tidleg på sommaren kvalifiserer ho seg til OL. Som utøvar på fulltid har Solfrid trent seks av sju dagar i veka. Fleire dagar i veka trener ho to økter. I løpet av ei treningsveke kan ho løfte 50 tonn og nærme seg 600 repetisjonar.
- Eg synest det er gøy når eg på starten av dagen ser på treningsprogrammet og ser det siste talet. Eg kan tenke at det verkar litt tungt, men så startar eg på treninga og kjem mot målet, seier Solfrid.
For å vere den beste versjonen av seg sjølv på kvar einaste trening, begynte Solfrid på eit tidspunkt å legge alt ho skal gjere inn i kalenderen på telefonen. Trening, mat, kvile. Kvar einaste avtale. Slik held ho oversikta over kvardagen.
På hausten i 2023 tok ho sitt andre VM-gull i støt etter å ha løfta 156 kilo. Ho fekk ikkje godkjente resultat i rykk, og dermed heller ingen medaljar samanlagt. Etter VM måtte ho ta eit vanskeleg val. Ho måtte gjennom ein brokkoperasjon, slik at ho kunne trene utan smerter. I perioden etter operasjonen tok ho fram erfaringa frå handleddskaden hausten 2022.
- Korleis eg har takla det å vere skada, er kanskje noko av det viktigaste eg har lært som idrettsutøvar. Det er så mange andre ting eg kan fokusere på, og eg kan komme tilbake og vere sterk, seier Solfrid.
OL-sesongen i 2024 starta med trippelt gull i EM. Samtidig flytta Solfrid samanlagtrekorden sin med nye åtte kilo. 280 kilo samanlagt, fire kilo mindre enn verdsrekorden i vektklassen hennar.
Nokre veker seinare var ho tilbake i Vigrestadhallen, der eventyret hennar starta fire år tidlegare. Konkurranseresultata 80 og 114 kilo var då blitt til 110 og 145 kilo, og Solfrid tok sin tredje kongepokal. Og om det var fullt på premiehylla måtte ho etter det siste kvalifiseringsstemnet før OL, World Cup i Thailand, likevel lage plass til tre nye gull.
Så kom OL.
Paris, 10. august 2024
Samtidig som Solfrid stig opp på løfteplattingen pip klokka. Ho må starte løftet før det har gått 30 sekund. 27, 26, 25 tikkar klokka ned. Ho strammar beltet og slår seg sjølv på overarmane før ho grip stanga. I hovudet sitt har ho gått gjennom dette løftet fleire gonger allereie. I løpet av dei neste 12 sekundane vekslar publikum mellom å halde pusten, juble, halde pusten og juble igjen. Før Solfrid slepp stanga i bakken igjen, må også ho sleppe ut eit jublande ja.
- I tida frå eg veg inn og fram til eg kjem på oppvarmingsrommet, så har eg kanskje visualisert oppvarminga og tida fram til eg skal på scena to gonger allereie, seier Solfrid.
At ho framfor heile verda den dagen kunne sjå så roleg og fokusert ut, er ikkje tilfeldig. I alle konkurransar har ho vore tydeleg på kva ho må gjere, ho skal berre fokusere på seg sjølv. Seg sjølv og stanga. Inni seg har ho sett føre seg løftet og alt rundt, fleire gonger allereie.
- Eg begynte å sjå det for meg frå eg kvalifiserte meg til OL. Eg lurte på korleis det ville følast når eg gjekk ut til mitt første løft. Eg såg for meg publikum, stanga…
Dei 154 kiloa Solfrid fekk opp i andre løftet i OL var olympisk rekord i støt og olympisk rekord samanlagt. Kva plassering det gav ho, visste ho ikkje. Framfor det siste løftet sitt fortsette ho å ha fokus på berre seg sjølv.
- Det viser evna hennar til å vere fokusert. Nokre utøvarar ønsker å vere fokusert, men klarer ikkje heilt å sleppe taket. Solfrid forstår at i ein meisterskap må ho sleppe den kontrollen til oss trenarane, seier Stian Grimseth som saman med Sindre Madsgaard hadde kontrollen då Solfrid tok OL-gull.
I sisteløftet vart Solfrid sendt inn på plattingen for å forsøke å ta verdsrekorden. Framleis like skjerpa og fokusert. Først då ho gjekk av scena etter det siste løftet sitt, var det tid for å spørje om plassering.
GULL: Denne typen medalje er det få av i Noreg. Då Solfrid vann denne i fjor sommar, var det 20 år sidan sist ei norsk kvinne tok individuelt gull i sommar-OL.
Trondheim, 4. januar 2025
På Idrettsgallaen er dei ti nominerte til årets kvinnelege utøvar presentert. Utøvarar som alle får ros for å ha sett nye standardar i sine idrettar. Med litt skjelvande stemme er det Solfrid Koanda som tek imot prisen. At ho ikkje har førebudd kva ho skal seie, betyr ingenting. Det ho deler frå scena gir fleire enn OL-trenar Stian Grimseth klump i halsen.
- Eg var stolt av meg sjølv, og ikkje minst av teamet mitt, seier Solfrid når ho blir spurt om kva ho følte då ho stod på scena under utdelinga.
Framfor Noregs fremste idrettsutøvarar takka Solfrid sitt eige forbund for at dei har tort å satse på henne. For sjølv om vektløfting ikkje er ein stor sport i Noreg, og forbundet ikkje har myke midlar, har dei klart å få fram ein olympisk meister, på knappe fire år.
- Eg har ikkje hatt veldig mange folk rundt meg, men eg har hatt dei riktige folka rundt meg. Eg har lyst til å seie at ein ikkje treng mykje rundt seg, ein treng det ein har inni seg. Ein kan utrette mykje med lite. Eit OL-gull i fjor var bevis på det.
Solfrid sine ord frå scena festar seg hos mange som høyrer dei. At andre ser verdien i det ho har jobba så hardt for, betyr uendeleg mykje for Solfrid. Treningsmengda kjem ikkje til å minke framover. Ho vil ikkje gi seg med eitt OL-gull. Verdsrekordane har heller ikkje hennar namn på seg. Enno.
Førde, 7. mars 2025
Det luktar nysteikte vaflar på VM-kontoret i Førde. Nysgjerrige innbyggjarar er invitert innom, for ein matbit og for å få vite meir om det store som skal skje om nokre månader. Arbeidet med å rekruttere frivillige er godt i gang, og VM-arrangørane kan love dei som vil hjelpe til får ei oppleving for livet. På det største kontoret sit det som er den nest største mannen i lokala i dag, Stian Grimseth, leiar for verdsmeisterskapen. Den største mannen i lokala er Ragnar Holme, ein ung og lovande vektløftar frå Naustdal. Den eldre vektløftaren frå Naustdal er oppglødd når han fortel om det som er i vente.
- VM på heimebane i Førde … Det må vere draumen som går i oppfylling. Med den interessa vi ser for vektløfting, både her lokalt i Sunnfjord, i landet og frå internasjonalt besøkande … Det kjem til å bli heilt fantastisk, seier Stian om arrangementet.
Stian var ein del av trenarteamet til Solfrid inn mot OL. No ligg trenaransvaret for Solfrid hos den tyske landslagstrenaren Almir Velagic, med Stian Grimseth og Sindre Madsgaard som støttespelarar. Fram mot VM i Førde skal Solfrid trene mykje i Tyskland, i eitt av dei sterkaste vektløftarmiljøa i verda. At det vil gjere den norske VM-favoritten endå sterkare, føler Stian seg veldig trygg på.
- Det er fleire i den store verda som jobbar godt, så det kjem ikkje av seg sjølv. Ho må jobbe, og det gjer ho. At ho kan ta VM-gull på heimebane, det har eg trua på. Men eg trur også at ho må løfte meir enn ho gjorde i OL, seier han.
Hundrevis av kilometer unna, i Grimstad, kjenner Solfrid at forventningane veks medan dagane tikker ned mot VM. For kort tid sidan fekk ho på plass ein veldig viktig avtale, ein sponsoravtale med saft- og syltetøyprodusenten Lerum. Sponsoravtalen gjer det mogleg for Solfrid å satse vidare, også mot eit nytt OL.
Men først er det VM, og Solfrid ser allereie for seg løfteplattingen i Førde, omringa av norske flagg. Endeleg skal ho oppleve at det er eit heimepublikum som held pusten saman med ho.
- Eg har konkurrent forskjellige plassar i verda og ikkje hatt den største heiagjengen. Det er få nordmenn som reiser for å sjå eit EM eller VM. Eg gler meg skikkeleg til å vere den beste meg og prøve å nå nye høgder, framfor folk eg kjenner og framfor Førde.
«Den beste meg». Det er ho det handlar om for Solfrid. Ho snakkar ikkje om andre utøvarar når ho fortel kven ho må slå. Ho snakkar om seg sjølv. Om konkurrenten seg sjølv.
- Eg konkurrerer mot meg sjølv aller mest. Det er deg sjølv du kan prøve å slå kvar dag. Då kan ein garantere forbetring, seier Solfrid.
PS: Hugs å sjå kva Solfrid gjorde sist ho konkurrerte mot seg sjølv. Her kan du sjå klipp av dei siste minuttane av OL-konkurransen
PÅ TRENING: Solfrid har brukt enormt med tid i ulike treningsrom dei siste åra. Resultata av timane på trening har imponert mange.
Oversikt over merittar:
2021
- EM: Bronse i støt
- U23-EM: Gull samanlagt og i støt
- NM: Gull i rykk, støt og samanlagt
- VM: Gull i støt, bronse samanlagt
2022:
- EM: Gull i rykk, støt og samanlagt
- NM: Gull i rykk, støt og samanlagt, og kongepokal
- VM: Gull i rykk, støt og samanlagt
2023
- NM: Gull i rykk, støt og samanlagt, og kongepokal
- EM: Gull i rykk, støt og samanlagt
- VM: Gull i støt
2024
- EM: Gull i rykk, støt og samanlagt
- NM: Gull i rykk, støt og samanlagt, og kongepokal
- World Cup: Gull i rykk, støt og samanlagt
- OL: Gull
2025:
- NM: Gull i rykk, støt og samanlagt, og kongepokal
- EM: Gull i rykk, støt og samanlagt
Kjelder: Forde2025, Podkasten Våre vinnere, Eurosport, NRK, Noregs Vektløftarforbund, Store norske leksikon.