
Laurdag kl. 13–16 blir det langbord i teltet utanfor Elvetorget. Her serverer vi rykande fårikål, byr på sauekulturelle innslag på Torg cena og sjelfulle og storslåtte tonar frå Buldre Mannskor.
Som kontrast får du moderne, melodisk glitter frå We Met in June. Duoen Sara Rose Zadig og Gjest Ingeson Kvåle har oppnådd merksemd på nasjonalt nivå, mellom anna gjennom Drømmestipendet og plass i Talent Norges satsing Pop Up. We Met in June er blant dei mest lovande popnamna akkurat no.
Ta del i folkefesten i sentrum – ti dagar til ende!
Under VM i vektløfting 2.–11. oktober blir Torgplassen ved Elvetorget i Førde sentrum fylt med liv, musikk og aktivitetar! På Torgplassen blir det stort festivaltelt med bord og sitteplassar under heile meisterskapet, og kvar dag kan du oppleve eit variert kulturprogram frå Torgscena: profesjonelle artistar, lokale krefter og spanande intervju med løftarar og andre nøkkelpersonar frå meisterskapet.
Her er det god stemning uansett haustvêr, med boder som byr på mat og drikke, og aktivitetar i samarbeid med sponsorar og partnarar.
På storskjerm blir deler av konkurransane i Førdehuset vist, frå kl. 10 til 21.
All underhaldning på Torgscena er gratis
– berre møt opp og bli med på folkefesten!