
Mellom kl. 14–17 blir det konsert, god stemning og fellesskap ved Torgscena. Her kjem Sigrid Moldestad. Ho vev saman sterke rytmar, forteljingar frå kulturarven vår og har eit nærvær som inviterer heile familien med.
Med røter i folkemusikken og med eit blikk mot framtida, kjem Sigrid Moldestad med ei musikalsk oppleving som treffer både unge og vaksne, frå barn til besteforeldre.
Ta del i folkefesten i sentrum – ti dagar til ende!
Under VM i vektløfting 2.–11. oktober blir Torgplassen ved Elvetorget i Førde sentrum fylt med liv, musikk og aktivitetar! På Torgplassen blir det stort festivaltelt med bord og sitteplassar under heile meisterskapet, og kvar dag kan du oppleve eit variert kulturprogram frå Torgscena: profesjonelle artistar, lokale krefter og spanande intervju med løftarar og andre nøkkelpersonar frå meisterskapet.
Her er det god stemning uansett haustvêr, med boder som byr på mat og drikke, og aktivitetar i samarbeid med sponsorar og partnarar.
På storskjerm blir deler av konkurransane i Førdehuset vist, frå kl. 10 til 21.
All underhaldning på Torgscena er gratis
– berre møt opp og bli med på folkefesten!