Kulturprogram

Lastar Hendingar

« All Events

Torgplassen 10. oktober: Anna Lille

10. oktober kl. 14:00 - 17:00

Du kjenner att stemmekrafta og dei sylskarpe tekstane – Anna Lille har på berre nokre år markert seg som eit av dei mest spennande nye namna i norsk pop.

Ho har stått på scena under By:Larm, Bergenfest og festivalar over heile landet, og blir ofte samanlikna med både Aurora og Girl in Red.

Med fengande melodiar, ei nær og ekte sceneutstråling og ein varme som treff rett i hjartet, skapar ho fin festivalstemning.

 

Ta del i folke­festen i sentrum – ti dagar til ende!

Under VM i vektløfting 2.–11. oktober blir Torgplassen ved Elvetorget i Førde sentrum fylt med liv, musikk og aktivitetar! På Torgplassen blir det stort festivaltelt med bord og sitteplassar under heile meisterskapet, og kvar dag kan du oppleve eit variert kulturprogram frå Torgscena: profesjonelle artistar, lokale krefter og spanande intervju med løftarar og andre nøkkel­personar frå meisterskapet.

Her er det god stemning uansett haustvêr, med boder som byr på mat og drikke, og aktivitetar i samarbeid med sponsorar og partnarar.

På storskjerm blir deler av konkurransane i Førdehuset vist, frå kl. 10 til 21.

All underhaldning på Torgscena er gratis
– berre møt opp og bli med på folkefesten!

Detaljar

Dato
10. oktober
Tid:
14:00 - 17:00

Stad

Elvetorget Torgplassen Torgscena
Naustdalsvegen 1A
Førde, 6800
+ Google-kart

Detaljar

Dato
10. oktober
Tid:
14:00 - 17:00

Stad

Elvetorget Torgplassen Torgscena
Naustdalsvegen 1A
Førde, 6800
+ Google-kart

VM vektløfting AS © 2023-2025. Levert av Mediebruket.