
GRATIS FOR ALLE!
Laurdag kveld kl. 19 inviterer vi saman med SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Sparebanken Norge til ein folkefest du seint vil gløyme!
Vår eiga Arianrhod, kjend frå NRK P3, leiar showet på Torgscena i sentrum med stø hand og smittande energi. Det blir høgdepunkt frå meisterskapsveka, møte med utøvarar og frivillige – og små glimt frå alt som har skjedd både på og utanfor konkurransearenaen.
Lokale artistar, dansegrupper, The Voice-Olivia fyller scena, før sjølvaste Ylvis rundar av det heile med musikk, humor og fullt show.
Dette er ikkje berre siste post på det kulturelle programmet – det er den store avslutningsmarkeringa av verdsmeisterskapet i vektløfting!
Gratis for alle – ta med deg naboen, tanta og heile venegjengen. Dette vil du ikkje gå glipp av!