Kulturprogram

Lastar Hendingar

« All Events

På Torgplassen 8. oktober: Breisladd

8. oktober kl. 14:00 - 17:00

Torgscena onsdag kl. 14–17: Breisladd er eit ungt og lovande band frå Førde som har gjort seg bemerka med sin eigen vri på countryrock. Med fengande melodiar og tekstar som hentar inspirasjon frå vestnorske historier og landskap, har dei bygd seg ein lojal tilhengjarskare på lokale scener
og festivalar.

Etter debutsingelen Odel og gard jobbar dei no med nytt materiale – og under VM i vektløfting er dei klare til å servere energi og speleglede som løftar folkefesten til nye høgder.

 

Ta del i folke­festen i sentrum – ti dagar til ende!

Under VM i vektløfting 2.–11. oktober blir Torgplassen ved Elvetorget i Førde sentrum fylt med liv, musikk og aktivitetar! På Torgplassen blir det stort festivaltelt med bord og sitteplassar under heile meisterskapet, og kvar dag kan du oppleve eit variert kulturprogram frå Torgscena: profesjonelle artistar, lokale krefter og spanande intervju med løftarar og andre nøkkel­personar frå meisterskapet.

Her er det god stemning uansett haustvêr, med boder som byr på mat og drikke, og aktivitetar i samarbeid med sponsorar og partnarar.

På storskjerm blir deler av konkurransane i Førdehuset vist, frå kl. 10 til 21.

All underhaldning på Torgscena er gratis
– berre møt opp og bli med på folkefesten!

Detaljar

Dato
8. oktober
Tid:
14:00 - 17:00

Stad

Elvetorget Torgplassen Torgscena
Naustdalsvegen 1A
Førde, 6800
+ Google-kart

Detaljar

Dato
8. oktober
Tid:
14:00 - 17:00

Stad

Elvetorget Torgplassen Torgscena
Naustdalsvegen 1A
Førde, 6800
+ Google-kart

VM vektløfting AS © 2023-2025. Levert av Mediebruket.