Kulturprogram

Lastar Hendingar

« All Events

På Torgplassen 7. oktober: Line Dybedal og Korskulen i Førde kyrkje

7. oktober kl. 14:00 - 17:00

Tysdag kl. 14–17 byr vi på ein musikalsk pustepause på Torgscena når Line Dybedal tek med seg sine melan­ kolske viser frå havgapet i Selje.

Med stemmeprakt, varme og nærleik syng ho om kystliv og kvardag. Dybedal rører både ungdom og vaksne – med musikk som får tida til å stå stille, om så berre for ei lita stund.

Korskulen i Førde kyrkje kjem óg, og vil dele song gleda si med publikum. Det blir ei hjartevarm oppleving som garantert vil få deg til å smile.

 

Ta del i folke­festen i sentrum – ti dagar til ende!

Under VM i vektløfting 2.–11. oktober blir Torgplassen ved Elvetorget i Førde sentrum fylt med liv, musikk og aktivitetar! På Torgplassen blir det stort festivaltelt med bord og sitteplassar under heile meisterskapet, og kvar dag kan du oppleve eit variert kulturprogram frå Torgscena: profesjonelle artistar, lokale krefter og spanande intervju med løftarar og andre nøkkel­personar frå meisterskapet.

Her er det god stemning uansett haustvêr, med boder som byr på mat og drikke, og aktivitetar i samarbeid med sponsorar og partnarar.

På storskjerm blir deler av konkurransane i Førdehuset vist, frå kl. 10 til 21.

All underhaldning på Torgscena er gratis
– berre møt opp og bli med på folkefesten!

Detaljar

Dato
7. oktober
Tid:
14:00 - 17:00

Stad

Elvetorget Torgplassen Torgscena
Naustdalsvegen 1A
Førde, 6800

Detaljar

Dato
7. oktober
Tid:
14:00 - 17:00

Stad

Elvetorget Torgplassen Torgscena
Naustdalsvegen 1A
Førde, 6800

VM vektløfting AS © 2023-2025. Levert av Mediebruket.