
Måndag kl. 14–17 byr vi på både verdsklang og norsk pop på Torgscena. Førde internasjonale kor syng fleirstemt og fargerikt – ei musikalsk reise på tvers av språk, rytmar og kulturar.
Etterpå inntar Gunn Kvaale scena med fullt band. Dei byr på radiofavorittar som Helium og Tilbake til meg, men også kjensleladde balladar som har varma både publikum og presse. Dette er musikk som både røskar tak og rører hjartet.
Under VM i vektløfting 2.–11. oktober blir Torgplassen ved Elvetorget i Førde sentrum fylt med liv, musikk og aktivitetar! På Torgplassen blir det stort festivaltelt med bord og sitteplassar under heile meisterskapet, og kvar dag kan du oppleve eit variert kulturprogram frå Torgscena: profesjonelle artistar, lokale krefter og spanande intervju med løftarar og andre nøkkelpersonar frå meisterskapet.
Her er det god stemning uansett haustvêr, med boder som byr på mat og drikke, og aktivitetar i samarbeid med sponsorar og partnarar.
På storskjerm blir deler av konkurransane i Førdehuset vist, frå kl. 10 til 21.
All underhaldning på Torgscena er gratis
– berre møt opp og bli med på folkefesten!