
VM-vaffeldag: Søndag kl. 14–17 blir det høg stemning og låge skuldrer når vi feirar det som truleg er Noregs uoffisielle nasjonalrett: vaflar!
I teltet på Torgplassen ved Elvetorget får du kjøpe rykande kaffi og nysteikte vaflar – perfekt medan du følgjer dei sterke løfta frå Førdehuset på storskjerm.
Ta med vener og familie, her er det heilt lov å gå for både eitt og to hjarte!
Kokosbananas lesestund
Ta familien med på ei livleg og humørfylt lesestund med forfattaren Rolf Magne Golten Andersen. Rolf har skrive dei populære bøkene om Kokosbananas og er stemma bak alle karakterane i lydbøkene på Storytel og NRK. Han les og fortel frå Kokosbananas-bøkene og får barna med på å lage lydeffektar. Bli med på ei skikkeleg gøyal og interaktiv lesestund!
Ta del i folkefesten i sentrum – ti dagar til ende!
Under VM i vektløfting 2.–11. oktober blir Torgplassen ved Elvetorget i Førde sentrum fylt med liv, musikk og aktivitetar! På Torgplassen blir det stort festivaltelt med bord og sitteplassar under heile meisterskapet, og kvar dag kan du oppleve eit variert kulturprogram frå Torgscena: profesjonelle artistar, lokale krefter og spanande intervju med løftarar og andre nøkkelpersonar frå meisterskapet.
Her er det god stemning uansett haustvêr, med boder som byr på mat og drikke, og aktivitetar i samarbeid med sponsorar og partnarar.
På storskjerm blir deler av konkurransane i Førdehuset vist, frå kl. 10 til 21.
All underhaldning på Torgscena er gratis
– berre møt opp og bli med på folkefesten!